Elle Melle Leseboka 4 inneheld songar og differensierte lesetekstar. Tekstane i kvart kapittel følgjer ein progresjon der vi startar lett og avsluttar med lengre og meir utfordrande tekstar. Bøkene er delt inn i ti kapitlar med kvart sitt tema. Gjennom mykje og meiningsfull dialog veks elevanes vokabular. Det fremjer leseforståelse. Difor startar kvar lesetekst med å gjennomgå enkeltord. Har elevane det rette begrepet for ordets betydning, vil dette saman med illustrasjonane gi ein førforståing av kva teksten kjem til å handle om, og vil kunne forenkle leseprosessen. Kvart kapittel inneheld ulike type tekstar. Det er lagt vekt på god sjangerbreidde og presentasjon av både nyare og eldre tekstar. Fagbokforlaget har også utvikla skriftformingshefte i lykkje- og stavskrift og nettstaden Lesedilla. Her finn du eit stort utval av differensierte lesebøker med lyd, bilete og animasjon. Elle Melle Leseboka 4, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett. Elle Melle Leseboka 4, d-bok har følgjande funksjonalitet: - Utheving og notatar - Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett - Lagre og skrive ut uthevingar og notat - Favorittmerke sider - Søkje etter ord eller frasar Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon.
Les mer
I henhold til GDPR-regelverket

Produktdetaljer

ISBN
9788211021427
Publisert
2016-10-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Digital bok
Antall sider
205