Elle Melle Les og forstå 4 har oppgåver som er direkte knytte til tekstane i Leseboka 4. Gjennom ulike spørsmål som er knytte til tekstane, får elevane utfordringar i å hugse, forstå og reflektere rundt teksten dei har lese. Slik får dei trening i å bruke strategiar i leseforståing. Oppgåvene i Les og forstå 4 tek også utgangspunkt i det aktuelle temaet frå Språkboka 4, slik at elevane kan halde fram med treninga her. Elle Melle gir barna øving i å lytte, snakke, lese og skrive gjennom fellesopplevingar av tekst, illustrasjonar og musikk. Elle Melle har ein gjennomtenkt og trygg progresjon og bruker varierte metodar for å nå flest mogleg. Ved hjelp av lystige bilete, songar og fengjande tekstar stimulerer Elle Melle kreativiteten til barna. Elle Melle Les og forstå 4, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett. Elle Melle Les og forstå 4, d-bok har følgjande funksjonalitet: - Utheving og notatar - Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett - Lagre og skrive ut uthevingar og notat - Favorittmerke sider - Søkje etter ord eller frasar Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon.
Les mer
I henhold til GDPR-regelverket

Produktdetaljer

ISBN
9788211021328
Publisert
2014-11-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Digital bok