I denne boka følgjer vi Sam og Ina på ei spennande reise i tid og rom. Undervegs treffer dei på ulike menneske og situasjonar som dannar utgangspunkt for temaa i kapitla. Kvart kapittel er delt inn i Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket. Leseriket inneheld, i tillegg til forteljinga om Sam og Ina, eit utval tekstar i ulik vanskegrad. Dei enklaste tekstane står først og dei vanskelegaste til slutt. I kvart kapittel blir ein lesestrategi introdusert. Taleriket går gjennom og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheitene. Her blir det lagt opp til at elevane skal skrive etter eksempeltekstar og i ulike sjangrar. Ordriket Elevbok 4A, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett. Ordriket Elevbok 4A, d-bok har følgjande funksjonalitet: - Lyd - Utheving og notatar - Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett - Lagre og skrive ut uthevingar og notat - Favorittmerke sider - Søkje etter ord eller frasar Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon.
Les mer
I henhold til GDPR-regelverket

Produktdetaljer

ISBN
9788211017284
Publisert
2014-08-28
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Digital bok