Elle Melle 1-4 Elle Melle er eit norskverk for 1 4 trinn. Læreverket kjenneteiknast ved flotte illustrasjonar, grundig gjennomgong av lydane i alfabetet, nivådelte tekstar, og ikkje minst innhaldsrike og gode lærarrettleiingar. Verket følgjer eit gjennomført pedagogisk system som baserar seg på Anne-Lise Gjerdrums lange erfaring som lærebokforfattar. Anne Lise Aasgaard Solli er medforfattar fra og med 3. trinn. Elle Melle Leseboka 3 Elle Melle Leseboka 3 høver for alle lesarar! Gjennom heile skoleåret vil elevane finne tekstar som er tilpassa deira eige lesenivå, tema som motiverer for lesing og ei sjangerbreidd som varetek både lyrikk, sakprosa og songtekstar. Leseboka 3 er rikt illustrert, og alle tekstane har bilete og nøkkelord som elevane kan jobbe med før lesinga. Arbeidshefte Elle Melle Les og forstå 3 tek utgangspunkt i tekstane i Leseboka 3 og inneheld differensierte oppgåver som trenar innhaldsforståing, refleksjon og ord- og omgrepsutvikling. Elle Melle for 3. trinn omfattar: - Leseboka 3 - Les og forstå 3 - Språkboka 3 - CD 3 - Lærarrettleiing inkludert kopioriginalar - Nettstad Fagbokforlaget har også utvikla skriftformingshefte i lykkje- og stavskrift og nettstaden Lesedilla. Her finn du eit stort utval av differensierte lesebøker med lyd, bilete og animasjon. Ta ein tur innom www.fagbokforlaget.no/lesedilla og opplev leseglede og leselyst!
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788211013033
Publisert
2011-08-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
772 gr
Høyde
265 mm
Bredde
195 mm
Dybde
20 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
175