Kva er litteraturens eigenart? Med tolmodig og skjerpa analyse demonstrerte Atle Kittang gjennom eit langt liv som forskar og offentleg debattant kor rikt og mangfaldig eit diktverk kan vere. Som ein representant for autonomiestetikken viste han fram dei litterære strukturane og fleirtydigheita, som aldri kan la seg gripe av éin enkelt lesing. Han formidla og utvikla lesemåtar som mellom anna var påverka av psykoanalyse, nykritikk, dekonstruksjon, hermeneutikk og politisk-estetisk filosofi. Slik kunne han vise at forskjellige teoretiske tilnærmingar har sine styrker og manglar, og at det trengst fleire inngangar til ein litterær tekst. Den grundige lesinga er avgjerande. I 1974 blei Kittang den første professoren i allmenn litteraturvitskap i Noreg, og han leia an arbeidet med å gjere fagmiljøet i Bergen førande i norsk samanheng, eit miljø som tiltrekte seg kommande forfattarar som Jon Fosse, Gunhild Øyehaug og Karl Ove Knausgård. Han var også ein sentral stemme i den litterære offentlegheita, med ein stor produksjon av essay, artiklar, monografiar og kritikk. I denne antologien har redaktørane Ingrid Nielsen, Espen Stueland og Sigurd Tenningen samla eit utval av artiklane til Kittang for å vise fram fortolkingskrafta og teoriformidlinga til nye og gamle lesarar. Boka kan lesast med stort utbytte av studentar, professorar og andre interesserte lesarar – kort sagt alle som deler nysgjerrigheita på korfor litteraturen stadig evnar å skake oss. ]]>
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205600102
Publisert
2024-09-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
512 gr
Høyde
204 mm
Bredde
132 mm
Dybde
28 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
453

Forfatter