Systematisk arbeid for å førebygge negativ psykososial utvikling er
sentralt for utvikling av gode læringsmiljø i barnehage og skule.
Så enkelt, så vanskeleg. Val av tiltak og intervensjonar har
tradisjonelt vore prega meir av pedagogiske moteretningar enn av
forskingsbasert kunnskap om kva som gir resultata ein ynskjer. Boka
tar for seg kriterium som ligg til grunn for at intervensjonar har
dokumentert effekt, drøftar ulike intervensjonar som har vist
dokumentert effekt og vurderer andre intervensjonar i barnehagar og
skular i høve til kriteria for dokumentasjon. Boka gir
forskingsbasert grunnlag for å velje tilnærmingar som kan styrke
læringsmiljøet i barnehagar og skular. Inkludering og utvikling -
førebyggande intervensjonar i barnehage og skulerettar seg mot
studentar på masterutdanningar i pedagogikk, spesialpedagogikk,
psykologi, barnevern og liknande, studentar på vidareutdanning og
forskarar innan same fagområda. I tillegg vil tilsette i PPT,
skuleleiarar, lærarar og skuleadministrative tilsette lokalt,
regionalt og nasjonalt nivå ha nytte av boka.
Les mer
ørebyggande intervensjoner i barnehage og skule
Produktdetaljer
ISBN
9788205570702
Publisert
2022
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal akademisk
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter