Korleis leva anstendig i ein verden der individualismen er einerådande, der samhald og kollektivt ansvar er i vanry, og pengar og makt dei einaste måla på framgang og lykke?
Gjennom eit tjuetals ulike livshistorier frå vår samtid og nære fortid fortel Habeas Corpus om kvinner og menn som prøver å leva så sant og rett dei kan, ut frå dei lover og reglar som gjeld i samfunnet. Liva deira blir vikla inn i kvarandre, vikla inn i den store historia og inn i krefter som er sterkare enn dei sjølve. Vi er i Norge, i Europa, i Nord- og Sør-Amerika.
Når andre gjer urett, kan vi straffa og boikotta dei; korleis boikottar vi oss sjølve?
Kva med den lovlydige, når lov blir urett?
Kjartan Fløgstad er ein av våre mest markante litterære stemmer. Han har skrive seksten romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages hederspris.]]>
Les mer
Etter endt lesning av denne originale og tette veven av en roman, føler jeg meg litt smartere, som om jeg har oppgradert sinnets programvare.
Produktdetaljer
Publisert
2022-08-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
317
Forfatter