Korleis leva anstendig i ein verden der individualismen er einerådande, der samhald og kollektivt ansvar er i vanry, og pengar og makt dei einaste måla på framgang og lykke? Gjennom eit tjuetals ulike livshistorier frå vår samtid og nære fortid fortel Habeas Corpus om kvinner og menn som prøver å leva så sant og rett dei kan, ut frå dei lover og reglar som gjeld i samfunnet. Liva deira blir vikla inn i kvarandre, vikla inn i den store historia og inn i krefter som er sterkare enn dei sjølve. Vi er i Norge, i Europa, i Nord- og Sør-Amerika. Når andre gjer urett, kan vi straffa og boikotta dei, korleis boikottar vi oss sjølve? Kva med den lovlydige, når lov blir urett? Habeas Corpus er ein djupt humoristisk og alvorleg roman om menneske som gjer motstand og kjempar, som gjer det beste ut av det, som ofte lid nederlag og som av og til vinn fram, i kampen for å leva verdige liv.
Les mer
Samstundes signaliserer boktittelen det som kanskje er teksten sitt viktigaste credo, at jussen er politisk, noko forteljaren avdekkjer igjen og igjen, energisk, konsekvent og medrivande. (...) Det heile er fascinerande, perspektivrikt, ja, ofte praktfullt gjort.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205569614
Publisert
2022-08-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
355 gr
Høyde
214 mm
Bredde
139 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
317

Forfatter