Kva er vold mot barn og unge i nære relasjonar? Korleis jobbar barnevernet for å førebyggje og avhjelpe vold mot barn? Kva seier forskinga og kva politikk blir ført på feltet? Vold mot barn og unge i nære relasjonar belyser korleis vold blir forstått og møtt innanfor den sosiale og kulturelle konteksten det norske samfunnet representerer. Margrete Aadnanes løftar fram kva kunnskap vi har om vold mot barn og drøftar vilkår og rammer barnevernet har i arbeidet med å førebyggje og avhjelpe problematikken. Boka har sitt empiriske utgangspunkt i ungdom og unge vaksne sine forteljingar om vold i barndommen, og i profesjonelle i barnevernet sine perspektiv på arbeid med voldssaker. Forfattaren rettar eit kritisk, reflekterande blikk på premissa for barnevernet sitt arbeid, som inkluderer både kunnskap, politikk og mandat. I forlenginga av dette ser ho på bruken av standardiserte framgangsmåtar og prosedyrar for å kvalitetssikre og effektivisere arbeidet i barnevernet.
Les mer
Vold mot barn og unge i nære relasjonar:barnevernfagleg kunnskap

Produktdetaljer

ISBN
9788205559875
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal akademisk
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok

Forfatter