Korleis skal me lese Jens Bjørneboe i dag? Ville han vorte kansellert, hadde me trengt han i dagens litterære og politiske offentlegheit? Det er blant spørsmåla Aslak Sira Myhre, Geir Gulliksen og Kjersti Bale drøftar i ein stor samtale i haustens utgåve av Vinduet.I lys av den store antirasistiske rørsla som har prega året så langt, ser Vinduet på kva veg som framleis gjenstår før Litteratur-Noreg speglar heile Noreg, og snakkar med den danske forfattaren Jonas Eika om politisk motstand, litterære dystopiar og utopiske impulsar.Elles kastar koronapandemiens  naturleg nok skugge over fleire av tekstane, slik som Vilde Sagstad Imelands essay om ein spesiell busstur over svenskegrensa i mars, og Anna Kleiva si kortreiste reiseskildring frå Gudbrandsdalen.Som alltid vert det dykka ekstra djupt ned i nokre utvalde forfattarskap, denne gongen i form av Eirik Lodéns grundige intervju med 70-årsjubilanten Karin Haugane, Audun Vingers essay om 81-årsjubilanten Tor Åge Bringsværd og Sindre Andersens drøfting av Caroline Kaspara Palonens forfattarskap.Utgåva presenterer òg nyskriven lyrikk: Melanie Kittis oppvekstskildrande «Mamma er halvt urne og halvt gral», Cecilie Løveids hyllest til Y-blokka (og Olaf Bull) og Solveig Mette Tjeltveits fabelaktige, viltveksande flora i fire blomar. Mickael Marman bidreg på si side med biletserien «Man and Sea»Vinduet er òg stolte over å vere vertskap for det tradisjonsrike kritikerseminaret, som vanlegvis går av stabelen under Norsk litteraturfestival på Lillehammer. Seksjonen er eit samarbeid med Kritikerlaget og har temaet «Kampen om krigen».I den utvida meldingsseksjonen les Marius Emanuelsen Karl Ove Knausgård, Live Lundh les Karin Haugen, Maria Lokna les Kjersti Annesdatter Skomsvold, Torgeir Holljen Thon les Zeshan Shakar, Marianne Gunderson les Sarah Smith Ogunbona og Sumaya Jirde Ali les Marius Midré.www.vinduet.no]]>
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205542488
Publisert
2020-10-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
695 gr
Høyde
272 mm
Bredde
212 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
194

Redaktør