«Opstads forfatterskap åpner i Tavler og bud (1996) med et bilde av en fryktinngytende farsskikkelse, og i En varig lengsel vender han seg igjen mot motivene han har fulgt siden debuten. Farsfiguren, landbruksmotivene, troen og tvilen som har veid så tungt gjennom forfatterskapet, justeres her på ny. Den tydelige stemmen fra tidligere samlinger er seg selv lik, og sender tankene til poeter som Inger Christensen og Tomas Tranströmer.»
- Carina Elisabeth Beddari, Morgenbladet
«Ensomhet, kjærlighet, far på jorden og Gud i himmelen - Opstad benytter igjen motivene som har gjort ham til en av Norges fineste poeter.»
- Bjørn Ivar Fyksen, Klassekampen - Årets beste bøker 2019
«Dette er ei bok der dikta heng saman, der eitt bilete utvidar tydinga av eit anna, og der ein i utgangspunktet enkel refleksjon seinare kan bli undergraven eller gjort meir kompleks av ein annan refleksjon. [...] Eg blir gjerne liggande her ei stund, i dette rommet for refleksjon som Steinar Opstad har greidd å skape. det opnar seg altfor sjeldan slike på kveldar i november.»
- Helene Hovden Hareide, Vårt Land
«Opstad skriv på eit personleg stoff som også sprengjer seg fram til det allmenne. [...] I diktet kan poeten formulere det heilt enkle og samstundes skyve lesaren mot svimlande avgrunnar og tankar.»
- Sindre Ekrheim, Dag og Tid
«Steinar Opstads dikt ber på tydelege, men fleirtydige tankar, og talar med roleg røyst i eit klårt og stille språk. Motivkrinsen har følgt Opstad frå bok til bok, med bilete og omgrep henta frå jordbruk, slekt og familie, bibel og tradisjon. Han skriv fortruleg og varmt om fortidige ting, men om ein lyttar, er dikta hans langt frå ufarlege i måten dei går tradisjonens språk og førestillingar i møte på.»
- Eivind Myklebust, Klassekampen