Årets andre utgåve av Vinduet er i butikk 14. juni!At dette er same dag som fotball-VM tek til i Russland, vert markert med Nils Henrik Smith sitt essay om VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad og kva desse betydde for ein tretten år gamal fotballskribent in spe.Utgåva byr elles på tekstar om litterære framstillingar av aids-epidemien, ung tysk samtidslitteratur og minnestadene etter 22. juli – mellom anna. Fleire av tekstane kjem òg inn på samspelet mellom litteratur, kropp og kjensler.Blant forfattarane det vert skrive om, finn me israelske Yoram Kaniuk, amerikanske Lidia Yuknavitch, ungarske Szilàrd Borbély samt norske Kjartan Fløgstad (som i år kan feire 50 år som forfattar).I tillegg kjem enquete om krisa i Svenska Akademien, ekfrase av Ingvild Lothe, jubileumshelsing frå Audun Vinger, biletserie av Inga Sund Hofset, meldingar og meir til! Full innhaldsoversikt under.InnhaldEssay: «Jon & Dag, revisited» av Nils Henrik SmithEssay: «Fortellingene som gav oss aids» av Nikolai M. KleivanReportasje: «Fornuft og følelser», av Erle Marie SørheimManifest: «Ultraromantikk» av Leonhard HieronymiBilete: Inga Sund HofsetEnquete: Krisa i Svenska AkademienSamtale: Cary Wolfe, Mel Y. Chen og Jan GrueBokessay: «Vegen innover» av Merete RøsvikBokessay: «Å lese kan forandre kroppen din» av Ida Jackson og Mari Wold SannerundIntervju: Lidia YuknavitchSamtale: Gro Dahle og Marie Bergby HandelandEssay: «Ord, ord, ord, ord» av Hemig H. GujordEssay: «Farande frifant» av Eivind MyklebustOversetteressay: «De ubemidlede» av Éva DobosEssay: «Du skal ikkje glemme! Minnekunst etter 22. juli» av Jørgen Lund.Ekfrase: «Inger» av Ingvild LotheMeldingar: Carina E. Beddari om Orissabiblioteket 1-4, Karin Kukkonen om Siri Hustvedt og Mohamed Abdi om Steven PinkerJubileet: Tor Ulvens Gravgaverwww.vinduet.no]]>
Les mer
72. årgang
Produktdetaljer
ISBN
9788205516243
Publisert
2018-06-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
481 gr
Høyde
333 mm
Bredde
210 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
130
Redaktør