Forfattaren skriv med utgangspunkt i forskingsbasert kunnskap om
endringsprosessar i skulen. Ho drøftar sentrale aspekt ved
endringsprosessen som leiing, samarbeid og rolla til skuleeigar i lys
av teori og forskning. Vidare viser ho korleis ein kan omsetje
kunnskap om endringsarbeid til praktisk handling som kan endre eller
vidareutvikle praksis. Dei fleste endringsarbeid gir få eller ingen
resultat fordi ein ikkje arbeider nok med implementeringsprosessen
når forskingsbaserte tiltak vert sette i gang. Når til dømes eit
program mot mobbing ikkje gir noko godt resultat ved ein skule, er
programmet sjeldan problemet. Manglande resultat har årsak i at
programmet ikkje er implementert godt nok til å gi resultat. Uansett
kva type endringsarbeid ein skal i gang med, krev det god
implementering. Boka er viktig for alle som ynskjer forskingsbasert
kunnskap om endringsprosessar og korleis slik kunnskap kan omsetjast
til praksis. Såleis er boka relevant både for tilsette i skulen,
studentar på master eller vidareutdanning og forskarar.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788205456389
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal akademisk
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter