Korleis kan bruk av digitale verktøy bidra til å styrka barnehagen
som ein lærande organisasjon?Korleis kan dei vaksne i barnehagen
bidra til å gjera digitale verktøy til ein ressurs for barns leik og
læring? Dette er ei bok om bruk av digitale verktøy saman med barn i
barnehage og dei første åra i grunnskulen. Boka gir god innføring i
korleis digitale verktøy kan integrerast og brukast som ein del av
leikeutstyret i barnehagen. Ein av forfattarane tok del i
forskningsprosjektet Kreativ bruk av IKT i barnehagen som vart
gjennomført i perioden 2004 til 2006. Det er henta mange gode
erfaringar og praktiske døme frå det. Erfaringar frå prosjektet
viser at barna utvikla kreativitet, omsorg og sosial kompetanse. Boka
viser også korleis ein kan nytta digitale verktøy til å arbeida med
dei sju fagområda slik det vert stilt krav om i rammeplan for
barnehagen 2006.Boka gir både ei praktisk og ei teoretisk
framstilling av temaet. I tillegg til å gi ei grundig innføring i
korleis barnehagen kan ta i bruk digitale verktøy på ein god og
pedagogisk måte, tar dei opp viktige tema som: * Barn med særskilte
behov, med fokus på utvikling og meistring ved bruk av IKT* Barn med
andre morsmål enn norsk og leik med IKT* Bruk av bilete, etikk og
personvernDette er ei bok for studentar i førskulelærarutdanninga og
for studentar som tar sikte på å arbeida med dei yngste i
grunnskulen. Men like mykje vil det vera ei ressursbok til tilsette i
barnehagen, foreldre og andre vaksne som er interesserte i barns bruk
av digitale medium.
Les mer
om små barns bruk og utforsking av digitale verktøy
Produktdetaljer
ISBN
9788205444706
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal akademisk
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter