Korleis kan ein vere "myndig" pasient når ein er sjuk og avhengig av
sine hjelparar? . Kan den individretta meistringa og myndiggjeringa
også bli skalkeskjul for offentleg ansvarsfråskriving? Eit viktig
føremål med denne boka er å drøfte slike spørsmål og gi ei
fleirfagleg innføring i kva meistring og myndiggjering inneber for
fagfolks måte å tenkje og handle på.Meistring, myndiggjering og
brukarmedverknad er ord som flittig blir brukte i helse- og
sosialsektoren, både i politikken og blant fagfolk. Dei handlar om at
pasientar, brukarar og pårørande skal kunne ta i bruk ressursane
sine, og vere aktive deltakarar i eiga behandling, og ha medbestemming
når det gjeld tenester og omsorg som vert ytt dei. Sjølv om ein legg
større vekt på informasjon enn nokon gong, er mangel på informasjon
framleis ein vesentleg klagegrunn. Den berande ideen er at dersom
meistring og myndiggjering skal bli noko meir enn retorikk, må
hjelpearbeidet i helse og sosialsektoren legge større vekt på ein
kommunikativ praksis, og ikkje berre reindyrke ei tradisjonell
instrumentell tilnærming.
Les mer
reform eller retorikk?
Produktdetaljer
ISBN
9788205444669
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal akademisk
Språk
Product language
Norsk
Format
Product format
Digital bok
Forfatter