Forfattaren skriv med utgangspunkt i forskingsbasert kunnskap om endringsprosessar i skulen. Ho drøftar sentrale aspekt ved endringsprosessen som leiing, samarbeid og rolla til skuleeigar i lys av teori og forskning. Vidare viser ho korleis ein kan omsetje kunnskap om endringsarbeid til praktisk handling som kan endre eller vidareutvikle praksis. Dei fleste endringsarbeid gir få eller ingen resultat fordi ein ikkje arbeider nok med implementeringsprosessen når forskingsbaserte tiltak vert sette i gang. Når til dømes eit program mot mobbing ikkje gir noko godt resultat ved ein skule, er programmet sjeldan problemet. Manglande resultat har årsak i at programmet ikkje er implementert godt nok til å gi resultat. Uansett kva type endringsarbeid ein skal i gang med, krev det god implementering. Boka er viktig for alle som ynskjer forskingsbasert kunnskap om endringsprosessar og korleis slik kunnskap kan omsetjast til praksis. Såleis er boka relevant både for tilsette i skulen, studentar på master eller vidareutdanning og forskarar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205421554
Publisert
2012-07-23
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal akademisk
Vekt
319 gr
Høyde
219 mm
Bredde
146 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
209

Illustratør