Ei underhaldande reise tilbake til norskens opphav, og språkreisa tek til i dag med norskens plass i det globale språksamfunnet. Lomheim guidar oss gjennom det dramatiske tusenåret då urnordisk gradvis gjekk over til å bli norrønt som vikingane så tok med seg ut i Europa, fram til dagens internasjonalt prega norsk. Den kunnskapsrike språkdirektøren syner korleis samfunnsutviklinga har påverka språket vårt, og korleis menneska gjennom historia har teke til seg ord og vendingar i takt med nye behov. Reisa sluttar ved å vende blikket framover. Vegen vidare er uviss. Trass i ulike tema og mange avstikkarar har reisa éin tydeleg tråd, og det er at ord og samfunn til alle tider står i forhold til kvarandre. Det er ikkje dermed slik at språket styrer samfunnet - det er samfunnet som styrer språket. Slik var det i steinalderen, og slik er det i skjermalderen. Denne mangfaldige framstillinga av språkhistoria vil fryde både ihuga språkelskarar og dei språkinteresserte som ønskjer å vite meir om språkutvikling. Bli med på ei spennande språkreise!
Les mer
I denne boka guidar forfattaren lesaren gjennom norsk språkhistorie, frå tusenåret då urnorsk gjekk over til å bli norrønt og fram til dagens internasjonalt prega norsk. Han ser på korleis samfunnsutviklinga har prega språket vårt og kva for slags utfordringar det norske språket står overfor. Med utbrettkart over språkhistoria, litteraturliste og register.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788204111173
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Damm
Vekt
1090 gr
Høyde
234 mm
Bredde
170 mm
Dybde
35 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
528

Forfatter