Ein gong var dei ulvar er ei samling noveller om menneske som møter noko nytt og ukjent i liva sine. Tekstane utforskar kva som skjer når folk blir pressa langt, av andre, av seg sjølv, av dei uventa retningane livet kan ta. Allereie den første setninga grip tak i lesaren: «Det hadde regna og tora i ti dagar. Husa rundt hans stod tome og mørke, og fukta la seg som eit lag på huda og gjorde det tungt å puste. Kanskje var det berre han og Inger-Marie att i bygda, tenkte han.» Dei seks tekstane har stor tematisk spennvidde: Ei ungjente går rundt i bygda ein sommarkveld og kjenner på saknet etter systera, som har fått kjæraste og er ute og festar. Tre ungar er åleine i ei leilegheit midt i jula, og straumen forsvinn. Ei kvinne får sparken, og merkelege ting skjer med kroppen hennar. Ein leigemordar sit i en bil utanfor eit hus og ventar på offeret sitt. Lydboka ble produsert av Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek i 2017.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788203378485
Publisert
2021-11-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Aschehoug
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil

Forfatter