Han, solo er ei forteljing om kjærleik, identitet og tilhøyrsel. Robin er 26 år og nett blitt forlaten av mannen han trudde var den eine. Den plutselege kjærleikssorga opnar for ei erkjenningsreise av dei sjeldne; ei gransking av eige liv og bakgrunn som skeiv utlending i Noreg. I denne sjangerutfordrande debutromanen blandast det høge og det låge på uanstrengt vis; Star Wars og Titanic, verdsrommet og havbotnen, språkfilosofi og tilfeldig sex. Men mest av alt handlar det om dei ulike formene for einsemd som kan gå som ein raud tråd gjennom livet - og om den evige leitinga etter ein heim. Eg blei ikkje fødd som eit einsamt menneske. Noko må ha skjedd. Hòlet i meg var ikkje medfødd, eg må ha fått det på eit bestemt tidspunkt i livet. Når, lurer eg på. Kva dag, i kva år, på kva klokkeslett? For lenge sidan, i ein galakse langt, langt borte ...
Les mer
«Robin Van de Walle balanserer det melankolske mot ein frigjerande og distanserande ironi, lun humor og rare og originale koplingar mellom likt og ulikt når det gjeld språk og nasjonalitet, nærvær og distanse, rotløyse og heimstad. Dette gir romanen eit løft og viser ein reflektert, ung mann (f. 1994) som kjenner sine referansar til både populærkultur, film, litteratur og filosofi (...)» «ein høgst leseverdig roman»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202801540
Publisert
2023-05-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil