«Smart, slentrende og sensuell romanmemoar» «... stilen er så leken, gleden over å være til, de morsomme beskrivelsene av vennene og festene» «Det er en skarpskodd aforistisk jubel i boken»

- Stein Roll, Adresseavisen

«Å lese Eve Babitz er som å være ute på ein varm og åpen veg ved solnedgang med det ho sjølv ... har kalla ‘4/90-aircondition’ – det vil seie når du har fire vindauge opne og køyrer nitti kilometer i timen. Du kan kjenne vinden i håret.»

The New Yorker

«Stilen til Babitz er kul, samtaleprega, laus i forma, men samtidig med ei tilsynelatande uanstrengd poetisk tyngde.»

Guardian

Se alle

«Dette som vi i dag kallar 'fiktive memoarar' kjem i form av ti utvida anekdotar om Los Angeles, levert så tilforlateleg innstudert som berre den mest populære gjesten i middagsselskapet kan. Mat, drikke, dop, sex, solnedgangar og ei overflod av filmstjerner mettar desse forteljingane med fargar, men den mest fargerike komponenten av alle er forteljaren sjølv.»

Times Literary Supplement

Eve Babitz si bok Late dagar, ville netter kom ut første gongen i 1977. Her møter vi ei kvinne med gnistrande livsappetitt og fortreffeleg observasjonsevne. Gjennom ti kapittel følgjer vi dragnaden hennar mot reiser, rus, californiske solnedgangar og ei mengde ulike folk. Vi treffer forfattarar, druedyrkarar, basketballspelarar og sosietetsfolk, filmstjerner som er fortvila over eigen suksess og italienske femmes fatales meir fatale enn Babitz sjølv. Ingen av Eve Babitz (f. 1943) sine bøker frå 1970- og 1980-talet slo gjennom då dei kom ut. Dei havna i skuggen av imaget hennar som it-jente, og temaa ho skreiv om – Los Angeles, skjønnheit, sex – blei avfeia som overflatiske. På 2010-talet har ho derimot blitt feira for den sanselege og viltre stilen sin. Late dagar, ville netter er ein moderne klassikar i grenselandet mellom fakta og fiksjon – ei feiring av byen Los Angeles og av overskridande liv.]]>
Les mer
Etterord av Anna Kleiva
«Å lese Eve Babitz er som å være ute på ein varm og åpen veg ved solnedgang med det ho sjølv ... har kalla ‘4/90-aircondition’ – det vil seie når du har fire vindauge opne og køyrer nitti kilometer i timen. Du kan kjenne vinden i håret.»
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2022-04-28
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
189
Orginaltittel
Slow days, fast company
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter
Oversetter