KRAFT Fysikk 1 (2021) er ei alt-i-eitt-lærebok med teori, oppgåver og forsøk som dekker læreplanen til fagfornyinga i fysikk 1. Eleven blir leia inn i fysikkverda gjennom utforskande aktivitetar, undring, eksperiment, programmering og modellering. Læreboka legg opp til fordjupning om rørsle, energi og klima. KRAFT 1 eignar seg godt i klasserommet og for privatistar som skal ta munnleg eksamen i fysikk 1.SØLVVINNER AV BELMA-prisen 2022: "Best European Learning Material Award". Les juryens begrunnelse her.KRAFT 1 legg vekt på den eksperimentelle og utforskande naturen til fysikkfaget. Teoristoffet blir forklart enkelt og praktisk, og fagstoffet er knytt til aktivitetar og tenkepausar eleven kan gjere sjølv. På den måten utviklar eleven eigarskap til teoristoffet og blir ein aktiv, nysgjerrig og kritisk lesar. Læreboka er tydeleg og oversiktleg, med markerte lovar og definisjonar, innramma rekneeksempel, stikkord i margen og samandrag. Kvart kapittel har ein eigen farge, som gjer boka innbydande og enkel å navigere i. Til kvart kapittel følger det fleire varierte forsøk og nå enda fleire og rikare oppgåver enn tidlegare. Innlæringsoppgåvene gir ein gradvis progresjon og hjelper eleven med å tileigne seg stoffet. Dei munnlege oppgåvene passar godt for diskusjonar i grupper eller framlegg for klassen, og dei er også god trening før munnleg eksamen. Dei blanda oppgåvene til sist i kvart kapittel krev at eleven ser samanhengar i faget og utforskar og fordjupar seg i nye problemstillingar. Mange av oppgåvene har løysingsforslag på den tilhøyrande gratis nettressursen for elevar. Der ligg det også kapitteltestar, interaktive oppgåver, fordjupingsstoff, videoleksjonar og andre supplerande ressursar. Lærarar kan dessutan kjøpe lisens til lærarressursen, som har årsplan, ferdige undervisningsopplegg, prøver og anna støttemateriell. KRAFT 1 bruker aktivt digitale verktøy som GeoGebra, Tracker og Python, når desse er formålstenlege for å løyse og forstå fysikkproblem. Videoanalyse i Tracker og modellering av reelle situasjonar bidrar til å gjere komplekse tema konkrete og relevante. Programmeringskompetanse byggast gradvis opp gjennom læreboka på premissa til fysikkfaget. Med kodeeksempel i Python lærer elevane å bruke programmering til å handtere reelle data, gjere numeriske berekningar og simulere situasjonar dei tidlegare ikkje har kunne rekne på. Det tverrfaglege temaet "bærekraftig utvikling" kjem tydeleg fram i KRAFT 1. Kapitla om mekanisk energi, termisk fysikk og elektrisitet bygger opp grunnleggande forståing om ulike energiformar, og i eit eige kapittel om klimafysikk lærer elevane om stråling og klimamodellering. Kapittelet om kjerner og stjerner gir ei oversiktleg framstilling av liv og død til stjerner, om oppbygginga av grunnstoff, og kor strålingsenergien i stjernene kjem frå. Boka avsluttast med eit eige samfunnsaktuelt kapittel som legg opp til at elevane kan prøve seg som fysikarar i ein grøn framtid. Her får dei fordjupe seg i sjølvvalde problemstillingar, sjå faget i samaenheng, og vurdere påstandar og argument om energi og klima. I arbeidet med nye KRAFT har vi lytta til erfaringar og innspel frå lærarar og elevar. Heile boka er revidert med nytt og forbetra innhald tilpassa fagfornyinga. kraft.cdu.no]]>
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202696023
Publisert
2021-10-22
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Vekt
1094 gr
Høyde
278 mm
Bredde
212 mm
Dybde
20 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
368

Illustratør