"Arnfinn Haga er «vår» mann når det gjeld andre verdskrigen. (...) ein biografi over ein som var viljug til å gje alt, og som fekk ingenting att og ingenting gratis etterpå."
- Egil Morland, Dagen
"Arnfinn Haga har ei eineståande evne til å formidla dei mest dramatiske hendingar i eit nøkternt kvardagsspråk, ofte med innslag av dialektord og uttrykk frå fiskarbønder og sjøfolk. Hans skildringar av livet og lagnaden til alle dei slitarane som hjelpte Viken og andre på liknande oppdrag, ofte med tap av både liv og eigedom som einaste takk, er forbiletleg. (…) "Vår mann på kysten" høyrer til mellom dei aller beste av Haga sine bøker."
- Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland