Mathilde. Yann. Billie. Tre historier. Tre unge menneske i dagens Frankrike, som alle endrar livet sitt etter eit tilfeldig møte med ein framand. Alle er dei bestemte og tapre og vil heller satse og risikere å feile enn å leve middelmådige liv. Mathilde har kutta ut kunsthistoriestudia for ein jobb ho ikkje liker, Yann jobbar som seljar, men drøymer om noko heilt anna, og Billie, som veks opp i ein heim utan kjærleik, oppdagar ein dag at vennskap finst. Alle som lét seg begeistre av Saman er ein mindre aleine, vil kjenne seg igjen i det fargerike språket, den kjappe humoren og den store medkjensla. Endå ein gong har Anna Gavalda, som har forført mange lesarar over heile verda, funne den fine balansen mellom sorg og glede. Tove Bakke, som har omsett boka frå fransk, har gjenskapt Anna Gavaldas univers med stor språkleg presisjon og litterær innsikt. «Det er ingenting overskridande ved desse historiene. Ikkje noko ekstraordinært. Og likevel er Gavalda-mirakelet her. Vi smiler. Vi les. Vi ser det for oss.» Le Bien public
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016-10-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter
Oversetter