Thriller med handling frå Kreta
Elsa Fossevik tek vare på eit brev for ei norsk kvinne ho møter på Kreta. Kvinna forsvinn. Tilbake står Elsa med eit brev og ein mistanke om at alle som så langt har lese det, har blitt drepne.
Andreas Linde er halvt gresk, halvt norsk, og spesialagent i Organization Europe 3. No er han på veg mot eit oppdrag han ikkje vil ha. Påstandar om ei planlagt likvidering av kurdiske barn har nådd greske styresmakter. Oppdraget Andreas har fått er å eliminere alle involverte. For å redde dei kurdiske barna må han stoppe båten før dei når fram til Kreta. Det blir ein kamp mot tida - og etter kvart ein kamp også for å redde Elsa.
Anne Bergset Oikonomaki har lagt korrupsjonen i Hellas og eit storpolitisk spel som bakteppe for ein mann sine vanvitige planar for å stille si eiga grådigheit. Romanen er skrive med inngåande kjennskap til Kreta, solparadiset nordmenn aldri sluttar å elske.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788252183764
Publisert
2014-03-28
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
417 gr
Høyde
210 mm
Bredde
142 mm
Dybde
27 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
280
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter