Den usynlege kvitheita.
Kvifor kjem så mange velmeinte forsøk på antirasistisk arbeid frå den kvite middelklassa til kort? Er det i det heile mogleg å nå ein felles røyndom for velmeinte, privilegerte kvite og svarte som kjenner rasismen på kroppen?
Dette er sentrale spørsmål i Claudia Rankine, forfattaren av «Medborgar», sitt nye stykke, «Det kvite kortet». Ekteparet Virginia og Charles, to kvite kunstsamlarar, har invitert den gryande, svarte kunstnaren Charlotte til middag. Dei vil kjøpe kunsten hennar og prøver å smigre henne med refleksjon kring spørsmål om kunst, representasjon og rase.
Samtalen imploderer sakte, men sikkert, og stykket får lesaren til å vri seg i ubehag etter kvart som middagsselskapet havarerer. Det utforskar kva som skjer om ein er villig til å bli i rommet når det gjer vondt å lytte. Boka er like fullt humoristisk, og personane blir meir og meir melodramatiske etter kvart som selskapet utartar seg.
«Det kvite kortet» er eit politisk lesestykke med stor aktualitet og samfunnsrelevans. Boka er ei rørande og avslørande destillering av raseskiljet slik det blir erfart i kvite rom; i stova, i kunstgalleria, i samfunnet og i vår eigen fantasi.
Frå engesk ved Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof.
Les mer
«Perfekt satire om korleis vi snakkar om rasisme.»
Produktdetaljer
ISBN
9788234001758
Publisert
2020-02-20
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
155 gr
Høyde
205 mm
Bredde
132 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
94
Forfatter