Rett er kultur gjennom at den ikkje berre er eit spørsmål om lover og handhevingsorgan, men òg om førestillingar og forventningar. Desse vert endra kontinuerleg gjennom observasjonar av framand rett. Slik kan ein seie at alle europeiske rettskulturar eigentleg er samanblanda rettskulturar, og at møtet mellom det framande og heimlege utgjer sjølve kjernen i ein rettskultur. Dette gjer at internasjonaliseringa av retten ikkje er noko nytt. Samstundes er omfanget og tempoet sjeldan stort fordi ulike rettskulturar møtest i Menneskeretts- og EF-domstolen. Det er tema i Rendezvous of European Legal Cultures, saman med korleis den nordiske og samiske rettskulturen plasserar seg i høve til dei nasjonale og den europeiske rettskulturen. Boka er skriven for studentar i komparativ rett, og høver for alle som er interesserte i internasjonaliseringa av retten. Jørn Øyrehagen Sunde er professor ved Det juridiske fakultet i Bergen og rådgjevar i historiske spørsmål ved museet Baroniet Rosendal. Kompendiet vil foreligge som ferdig bok i desember 2009.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245008401
Publisert
2010-01-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
416 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Engelsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
220