Dette er det siste bandet i Hå kulturhistorie. Til skilnad frå fleire bøker om lokalhistorie har dette verket eit breiare perspektiv å syna kommunen sin identitet og lokale mentalitet. Men dette er ikkje faste storleikar, dei er omskiftelege etter tid og etter kven sine auge som ser. Identitet og mentalitet veks fram i det levde liv som eit møte mellom den eine og dei andre, mellom den vesle og store verda, mellom natur og kultur. I tekst og bilete vil Hå kulturhistorie fortelja om fortida og visa samanhengar mellom fortid og notid.
Dette bandet fortel om Hå kommune i tida etter 1945. Det byrjar med ei historie om korleis næringslivet utvikla seg i perioden, om kommunale verksemder, skule og andre offentlege institusjonar og om kommunesamanslåinga i 1964. Deretter vert det fortalt om Åna fengsel, ein institusjon som var både «innanfor» og «utanfor» i kommunen sitt liv. Tre forfattarar skriv om korleis det var å veksa opp på ulike stader i kommunen og ulike tidspunkt i etterkrigstida. Så vert ein familie nærare presentert, og forfattaren drøftar kva Hå-identiteten er i dag.
Til slutt kjem fleire kapittel om ordet om Nærbørevyen, «Revy i nitti» og revyane på Varhaug og Brusand og om kjende og kan hende mindre kjende forfattarar. Slik forfattaren Tor Obrestad opna det første bandet i Hå kulturhistorie, avsluttar forfattaren Helge Torvund det siste bandet. Me trur at ordet kan vere den beste vegvisaren til kva som er identitet og lokal mentalitet i Hå.
Les mer
Undertittel hentet fra omslaget
Produktdetaljer
ISBN
9788232102310
Publisert
2014-10-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
1455 gr
Høyde
275 mm
Bredde
215 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
383