RLE i klemme: Ein studie av det erfarte RLE-faget Emna i RLE-faget tek opp dei meste grunnleggjande spørsmål for menneska og er gjeve viktige integrerande mål i skule og samfunnet elles. Men KRL og RLE-faget har vore og er omdiskutert både i og utanfor skulen, og læreplanen har hatt stadige endringar i tittel og innhald. Endringar i læreplanar er enkle å registrere, men kva har skjedd med faget i praksis? Kva kan ein seie om stoda for faget i dag i lys av læreplanen? Denne boka prøver å svare på det, og ho er skriven på bakgrunn av ei omfattande undersøking av RLE-faget i Trøndelag og Nord-Noreg i 2011 2013. Ei forskingsgruppa av lærarutdannarar i desse områda har gjort spørjeundersøkingar, drive observasjonar og intervjua elevar, foreldre, lærarar og rektorar på til saman 12 skular og spurd korleis dei opplever faget. Materialet er analysert, tematisert og vidare teoretisert i lang rekkje område. Vinklinga er fagdidaktisk og praksisnær, dvs. med sikte på å vere til nytte som bakgrunn for undervisninga i klasserommet. Prosjektet vart difor orientert om læraryrket og knytt til problemstillingar kring lærarkompetanse, læringsmiljø og faktisk læringsutbyte. Det særlege med det geografiske området vi har undersøkt er den sterke posisjonen åt folkekyrkjereligiøsiteten og skular med minimale fleirkulturelle innslag. Her har lærarane lite å spele på i faget, og vi registrerer at dei unyttar lite det dei har. Vi registrerer òg at faget er utsett for ulike salderingsprosessar og forklarer dette mellom anna med at uroa kring faget har skapt usikre lærarar. Lærarane står i ei klemme mellom møtet med elevane på den eine sida og krava i læreplanen og uroa kring faget på den andre.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788232102525
Publisert
2014-12-23
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
640 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
324
Sjanger
Faglitteratur
Redaktør